Cart 0

Høgromantisk Haustopera

17. - 20. september

 
1S0A9618.jpg

Høgromantisk haustopera

Haustfargane har endeleg sett seg, og rundt oss lyser det opp i gule, raude og orange tonar.  Lydane dempast når den svale haustlufta fyller gater og natur, akkurat nok stille til å kjenne på at det hadde vore godt å fylle den med noko!  

Dei siste åra har OperaKysten kunne ønske sitt publikum velkommen til konsertar utanfor heimbasen sin i Florø på seinsommaren.  Med mål om å tilby opera til nye publikummarar der dei er, kjem OperaKysten med årets haustturné til fem ulike spelestadar. 

Med sine nyskrivne, nynorske gjendiktingar har Florøsopranen Nora Oleanne Sårheim denne gongen med seg Stian Økland frå Bergen.  OperaKystenpublikummet vil kanskje kjenne han att frå La Boheme-forestillinga i 2024, der han gjorde sterkt inntrykk i tolkinga av diktaren Rodolfo, og Operahistoria passerer i revy i 2018.  I år, som i fjor, er det den dyktige pianisten Olga Jørgensen som er med på turnéen, og vi kan gle oss til å høyre ho i følge songarane rundt i fylket med utdrag frå Elskovsdrikken, Tosca, Faust og Carmen for å nemne nokre!  Publikum vil nok merke seg kor tydeleg det er at dette er tre artistar som har skapt mykje musikk og scenemagi saman, der dei utfyller og følger kvarandre med imponerande presisjon.  Med ei god blanding av velkjende og meir ukjende skattar, fyllest øyret med dei vakraste frasar både musikalsk og språkleg.  Dei nynorske gjendiktingane til Sårheim er både poetiske og forståelege og skapar ei heilt ny tilknytting til operasjangeren for publikum.  

Ein storslått konsert i eit enkelt format, som vil løfte ein heilt vanleg septemberkveld til heilt nye høgder!


PRAKTISK INFORMASJON

Speletid: Ca 1 t

Språk: Nynorsk

Rabatt for OperaKystens vener

Stad: Ålhus, Borgja
Stad: Hyen, Hyen Skule
Stad: Batalden, Ishuset
Stad: Hellevik, Hellevik gard
Stad: Sande, Elvehagen hotell

Dato: 17.09.2025 kl: 19:00
Dato: 18.09.2025 kl: 19:00
Dato: 19.09.2025 kl: 19:00
Dato: 20.09.2025 kl: 13:00
Dato: 20.09.2025 kl: 18:00


OperaKystens Vener

Meir info om opera vener, arrangementer osv.

DSC_3705_5100.jpg
 

tidlegare OPPSETJINGAR

 
 

OPERA VED HAVET

Med konsertlokale med saltsprut oppetter veggane og eit program som lukta av både tang og tare, la OperaKysten ut på nok ein miniturné med sine dyktige artistar.

Vår eiga sopran og kunstnarleg leiar Nora Oleanne Sårheim tok med seg pianist Olga Jørgensen på dette eventyret og saman framførde dei både velkjende operasviske og nokre meir ukjende skattar i frå operaverda sitt havrepertoar!

Spelestader var på Eid - Jølster - Måløy - Svanøy - Kalvåg

 
 

LA BOHÈME 2024

Januar 2024 kunne OperaKysten gle seg over å presentere La Bohème av Giacomo Puccini i nynorsk gjendiktning ved Jostein Avdem Fretland.

Det var dramatikk frå første minutt og musikken var hjerteskjerande bra!

Ann-Terese Aasen som regissør klarte kunsten å bygge opp ei forestilling som både var naken og ribba for stafasje, men og fargerik og gripande formidla. Les nokre av mediadekninga her:

oPERAGALLA 2023

I samarbeid med Førde Kammerkor leverte våre solistar første helga i februar ein fullskala operagallakonsert med eit heilt operakor i Førde og Florø.

Det vart servert musikk frå den fantastiske operaverda med smakebitar frå mellom anna Carmen, Flaggermusen, Tosca, Romeo og Juliet, Madama Butterfly og La Traviata.

Det vart ein fantastisk kveld med sopranen Nora Oleanne Sårheim frå Florø, tenor Eivind Kandal frå Gloppen, sopranen Annika Beinnes frå Høyanger og pianist Andreas Løken Taklo frå Florø.

Konferansier Asgeir Øvrebotten held det heile i taumane og passa på at både publikum og dei på scena hadde kontroll over kva som skulle hende gjennom kvelden.

HAUSTTURNÈ 2021

Med støtte frå det lokale næringslivet rulla OperaKysten for fyrste gong ut turnébussen (og båten) og dro ut til eit lokale nær deg. Ein OperaPub-turné var akkurat det både vi og du trong for å lyse opp haustdagane i slutten av oktober 2021

Publikum fekk utdrag i frå både operette- og operalitteraturen, og høyre litt av operaen vi planla å sette opp i januar 2022.

OPERAHISTORIA PASSERER I REVY. 2018

I 2018 baud OperaKysten Florapublikumet på ei nyskaping. Kan ein på under 2 timar gje publikum eit inntrykk av heile operahistoria, ei tidsepoke som spenn over 400 år?

Framsyninga var sett opp 13. januar på Florø Kulturhus, og vart ein stor suksess hos publikum.

 
Brosjyre_A5.jpg

OPERAPERLER VED KYSTEN 2017

Operaperler ved kysten var OperaKysten sin første operagalla.  

Operagallaen gjekk av stabelen 1. april 2017 i Florø kyrkje.

OPERETTEGALLA 2020

18. Januar 2020 sette Opera Kysten opp sin første OperetteGalla i samarbeid med kora Fryd og Gammen i Florø Kulturhus.

Det vart servert musikk ifrå den fantastiske verda av operetter, ifrå Lehár til Zeller, Offenbach og Johann Strauss.

 

MARGUERITE! 2019

Gounod har skrive musikken til dette stykket om Marguérite frå Faust og operaen er basert på det velkjende dramaet Faust del 1 av den tyske nasjonaldiktaren Goethe.

Operaen vart satt opp i Florø Kirke 19 januar 2019.

 
forside.jpg

DER SCHAUSPIELDIREKTOR 2016

Der Schauspieldirektor, Teaterdirektøren, var OperaKysten sin første produksjon.

Der Schauspieldirektor gjekk av stabelen 23. januar 2016 i Florø samfunnshus.